|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|
Årsmelding 2008-2010 for Kontaktrådet for fiskeri- og kystmuseer(KFK)1. Omdanninga av Fiskerimuseenes Nettverksråd til Kontaktrådet for fiskeri- og kystmuseer. KFK vart formelt oppretta 30. januar 2008 ved at Fiskerimuseenes Nettverksråd vart omskipa til Kontaktrådet for fiskeri- og kystmuseer (KFK). Med opprettinga av KFK vart ein lengre og grundig prosess sluttført. Under årsmøtet i Florø 29. november 2006 vart det oppnemnd ei eiga gruppe som fekk i mandat å utarbeide forslag til omorganisering og endring av FN sine vedtekter slik at organisasjonen vart tilpassa ABM-u-nettverket for konsoliderte fiskeri- og kystmuseer. Innstillinga frå denne gruppa vart lagt til grunn under årsmøtet i Kristiansund 30. januar 2008. Forslag til nytt namn og nye vedtekter vart grundig gjennomgått og diskutert under årsmøtet i Kristiansand. Og på bakgrunn av namneendringa og endringer av paragrafane 1-9 vart KFK oppretta. Deretter vart det halde val med utgangspunkt i dei nye vedtektene. I valprosessen vart det lagt vekt på å få til kontinuitet mellom FN og KFK. 2. Styret Styret har bestått av Leiv Grønnevet (leiar), Anders Haaland, Marion Fjelde Larsen, May Britt Manin og Alf Ragnar Nielssen. Varamedlemmar har vore Torun Herje (1. vara) og Svein Bertil Sæther (2. vara) Styret har hatt fem ordinære styremøte i perioden 30. januar 2008 til 12. august 2010. Tre av møta har vore telefonmøte, to ved frammøte (Flesland og Bodø). I tillegg har eit par einskildsaker blitt avgjort ved hjelp av e-postkorrespondanse. Styret har handsama innstillingane frå fagutvalet vedrørande prosjektstøtte, vedteke program og budsjett for dei faglege seminara, og ellers avklara tilhøve knytt til drift og økonomi. 3. Sekretariatet I vedtektene til KFK er det i §3 slått fast at sekretær og rekneskapsføring skal liggje til navmuseet i ABMU-nettverket, Museum Vest(MV). Årstein Svihus frå MV har sidan opprettinga vore sekretær for KFK, og har sidan mars same året røkta rekneskapen i lag med MV sin økonomiansvarleg. Sekretæren har hatt eit vidt ansvarsområde knytt til medlemskontakt, søknader om pengestøtte, utlysing og faglege arrangement i regi av KFK og den alminnelege drifta elles. MV har fråog med 2008 fått lønnskompensasjon for sekeritærjobben i tråd med godkjent budsjett. 4. Fagutvalet Fagutvalet har bestått av Marion Fjelde Larsen, Mariann Mathisen og Alf Ragnar Nielssen. I løpet av perioden januar 2008 til januar 2010 har fagutvalet hatt fem arbeidsmøte i tillegg til jamleg e-postkorrespondansene. Fagutvalget har hatt ansvar for å tilrå fordeling av prosjektmidlar overfor styret, og for det faglege programmet til KFK sine fagkonferansar. I handsaminga av søknadar om prosjektmidlar har både fagutval og styre prioritert prosjekt som fremjar samarbeid mellom KFK sine medlemmar,slik det er slått fast i §1. Fordeling av prosjektmidler Innkomne søknader 2 som rest frå 2007 (etterslep frå FN) 6 for 2009 9 for 2010 Tildeling av midlar: 500 000 i 2010 500 000 i 2009 194 000 i 2008 Desse er tildelt prosjektstøtte (hovudsøkjar): 2007 Sunnmøre Museum 150 000 2008 Museum Nord 70 000 Kystmuseet i Sør-Trøndelag 59 000 Norges sjøfartsmuseum 65 000 2009 Museum Nord 250 000 Hardanger fartøyvernsenter 150 000 Sunnmøre museum 100 000 Haugalandsmuseene 50 000 Museum Vest 27 500 Tildelt støtte for 2010 Hardanger og Voss Museum 100 000 Norsk Maritimt Museum 100 000 Kystmuseet i Sør-Trøndelag 100 000 Lofotakvariet m.fl 50 000 MN 150 000 Til saman er det for perioden 2008-2010 løyva 1 421 000 kroner. Av dessa er 344 000 "etterslep" frå Fiskerimuseenes Nettverksråd. 5. Medlemmar av KFK I følgje KFK sine vedtekter kan "Fiskeri- og kystmuseer, høgskoler og universiteter, organisasjoner og firmaer innenfor fiskerinæringen, samt firmaer og organisasjoner knyttet til kystkultur og enkeltpersoner kan være medlemmer av KFK". Ved opprettinga av KFK vart det sendt innmeldingsskjema til alle som var på e-postlista til FN og elles til medlemsorganisasjonar i KFK. 25 av desse er anten konsoliderte museumseiningar eller avdelingar innanfor konsoliderte museum. Førebels er korkje einskildpersonar, forskningssektoren eller næringa direkte representert mellom KFK sine medlemmar. Medlemsliste per 12. august 2010: 1.Norsk Maritim Museum: fellespost@norsk-sjofartsmuseum.no: Per.Norseng@norsk-sjofartsmuseum.no 2.Vollen kystkultursenter:- en avdeling i Asker Museum: museet@asker.kommune.no 3.Kystmuseet i Hvaler, Østfoldmuseet: Morten.Skadsem@ostfoldmuseet.no 4.Telemark Museum, Bamble Museum: Roger.Normann@telemark.museum.no 5.Lindesnes Kystkultursenter: GLEG@statoi.com 6.Vest-Agder-Museet avd. Mandal: t.g.hansen@vestagdermuseet.no 7.Vest-Agder-Museet avd. Flekkefjord: a.johannessen@vestagdermuseet.no 8.Norsk Hermetikkmuseum (Stavanger Museum):Piers.Crocker@staanger.museum.no 9.Haugalandmuseene: mads.ramstad@haugalandmuseene.no; grethe.paulsen.vie@haugalandmuseene.no 10.Hardanger Fartøyvernsenter(Hardanger og Voss museum): heidi.richardson@fartoyvern.no; oddvar.soldal@fartoyvern.no 11.Norges Fiskerimuseum(Museum Vest):bjorn@museumvest.no 12.Sandviksboder Kystkultursenter: egil@kystkulturbergen.no 13.Kystmuseet i Øygarden (Museum Vest): bjorg@museumvest.no 14.Hanseatisk Museum(Museum Vest):marco@museumvest.no 15.Kystmuseet i Sogn og Fjordane:museum@kyst.museum.no 16.Sunnmøre Museum: pers@sunnmore.museum.no; ivar@sunnmore.museum.no 17.Kystmuseet i Sør-Trøndelag:svein.bertil@kystmuseet.no 18.Kystmuseet i Nord-Trøndelag:kontakt@norveg.org; sigmund.alsaker@norveg.org; kristin@mumidt.no 19.Lofotmuseet(Museum Nord):marion.fjelde.larsen@museumnord.no 20.Vesterålmuseet(Museum Nord):mariann.mathisen@museumnord.no; paal.christensen@museumnord.no 21.Laukvik Historielag:konrad.hau@gmail.com 22.Lofotakvariet AS: Siri Esperg post@lofotakvariet.no 23.Norsk Fiskeværsmuseum:nfmuseum@lofoten-info.no 24.Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum:tone@nnfa.no 25.Midt-Troms Museum:dag.stenersen@midt-troms.museum.no 26.Vardø Museum(Varanger Museum):post@varangermuseum.no; ole.lindhartsen@varangermuseum.no; Sigurd.Skarstein@varangermuseum.no 27.Kokelv Sjøsamiske Museum(RiddoDuottarMuseat):post@samimuseum.com 28.RiddoDuottarMuserat/Porsanger Museum:eeva@rdm.no; post@rdm.no 29.Måsøy Museum:bernt.jacobsen@masoy.kommune.no 30.Norkappmuseet(Museene for kystkultur og gjenresning IKS): 6. Fagseminar I § 1 vert det slått fast at eit av føremåla til KFK er å "samle institusjoner og personer som har interesse for å fremme museumsarbeid og formidle forskning innenfor fiskeri- og kystkultur." Dette har vore eit prioritert arbeidsområde, og i løpet av perioden har det blitt halde to fagsamlingar, medan ein tredje vert halden i samband med årsmøtet i 2010. Fagsamlingane har vore tett knytt til det store forsknings- og formidlingsprosjektet Norges Fiskeri- og kysthistore, der KFK som organisasjon er representert i styringsgruppa i tillegg til at fleire av styremedlemmane I KFK også er med på forfattarsida av verket. Sidan det er stor overlapping mellom medlemsinstitusjonane i KFK og ABM-u-nettverket for fiskerihistorie og kystkultur, har samlingane også fungert som utvida nettverksmøte, og såleis vorte den tilsikta møtestaden mellom museumssektoren, andre kystkulturinteresserte og forskningsmiljøa. MS Trollfjord-Svolvær februar 2009 Den første samlinga vart halden 25.-26.februar 2009 ombord på hurtigruta MS Trollfjord (Bodø-Svolvær) og på Svinøya Rorbuer i Svolvær. Det faglege programmet kan dels knytt opp til presentasjon og diskusjon av bokverket Norges fiskeri-og kysthistorie og dels det store formidlingsprosjektet i regi av museumsnettverka kalla "Fortellinger om kyst-Norge". KFK dekka fullt den delen av konferansen som føregjekk på hurtigruta, samt transport og lunsj i Svolvær. Oppmøtet var godt med 25 deltakarar. Sjå vedlegg: Bergen november 2009 Den andre samlinga vart halden på Hotel Admiral i Bergen 19.-20 november 2009 og vart mest utelukkande via Norges fiskeri- og kysthistorie. Opningstemaet var "Fiskeria og kystens plass i den nasjonale fortellinga", medan ein vidare fekk ei grundig presentasjon av dei fire banda og forfattarteama. Til liks med i Bodø vart invitasjon sendt både til dei involverte i bokprosjektet, medlemmar av KFK og medlemmar av ABM-u-nettverket. Seminaret hadde 38 deltakarar. Sjå vedlegg: Bodø september 2010 I samband med årsmøtet i KFK 22. september 2010 vil det bli halde ein todagers seminar 23.-24. september i Bodø. Temaet er denne gongen "De norske fiskeria i det atlantiske rommet", og i tillegg er ein del av programmet via den faglege utviklinga innan musea og presentasjon av prosjekt som KFK har støtta. Førebels (12. august) er det 43 påmeldte. Sjå vedlegg: 7. Økonomi KFK har gjennom heile perioden hatt ein solid økonomi. Ved omskipinga frå FN til KFK hadde organisasjonen 655 624 kroner til disposisjon, og ved utgangen av 2009 1 285 231 kroner til disposisjon. Inntektsgrunnlaget i perioden har utelukkande vore støtte frå stiftinga Nor-Fishing (500 000) og Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) (1 000 000). Nor-Fishing gav i 2006 tilsegn på ei årleg støtte på 250 000 over ein treåsperiode (2007- 2009)til Fiskerimuseenes Nettverksråd, frå 2008 KFK. FKD har etter søknad frå KFK gjeve ei ålig støtte på 500 000 både i 2008,2009 og 2010. Som ein ser av rekneskapen for 2008-2009 og budsjettet for 2010 har storparten av desse midlane gått til prosjektstøtte og faglege seminar. KFK har gjennom heile perioden hatt låge driftsutgifter knytt til sekretær og styremøter. KFK har altså ein del tilgjngeleg kapital, men samstundes har støtteperioden frå Nor-Fishing gått ut. Den vidare økonomiske utviklinga er såleis avhengig av at styret lykkast i arbeidet med å få etablert ein ny støtteperiode, eller finn andre sponsorar. 8. Styrets vurdering av perioden Etter styrets vurdering har KFK gjennom perioden lykkast vel med å få til ein ryddig og fruktbar overgang frå Fiskerimuseenes Nettverksråd til KFK. Organisasjonen har vokse fram som ein viktig tilretteleggar for kompetanseheving hjå medlemsinsitusjonane og skapt fleire velfungerande samarbeidsflater mellom forsknigssektoren, musea og andre kystkulturinstitusjoner. Medlemsutviklinga har vore positiv og aktiviteten har vore høg, samstundes som økonomien har vore god slik at organisasjonen har vore i stand til å yte prosjektstøtte i tråd med arbeidsplanen. Den inneverande arbeidsplan er ogs&aaring; elles følgd opp på dei fleste områda. Her er det særleg grunn til å vere nøgd med KFK sin rolle innanfor Norges fiskeri. og kysthistorie (NFKH). Her har KFK ved leiar og styre både spela ein aktiv rolle i prosessen med å få sett igang prosjektet, både organisatorisk og finansielt. NFKH har dessutan vore eit godt utgangspunkt for KFK sine årlege fagseminar. For den kommande perioden (2010-2012) vil deigode erfaringane med prosjektstøtte og fagseminar bli vidareført. Samstundes ønskjer styret å arbeide vidare med å skaffe organisasjonen fleire medlemmar. Her vil det særleg vere viktig å utvide medlemsbreidda ved å få inn representantar frå næringa, forskningsmiljøa og andre kystkulturinteresserte. Bergen 12. august 2010 I styret kontaktrådet for fiskeri- og kystmuseer:
KFK - Valgkomiteens innstilling Valgkomiteen i KFK har følgende innstilling til valgene på årsmøtet i Bodø 22. september Styre:
Fagutvalg:
Revisor: Valgkomiteen har pr. 02.09.2010 ikke lykkes med å finne kandidat til revisorvervet. Valgkomite:
Moss 02.09.2010 Endrigsforslag, vedtekter: § 7. Fagutvalg Orginal tekst Fagutvalget er KFKs faglige rådgivningsorgan og består av styrets leder samt to medlemmer som sinnstilles av ABMUF. Fagutvalget forestår tildeling av økonomisk støtte til prosjekter innenfor de rammer som årsmøtet har fastsatt. Forslag til endring Fagutvalget er KFKs faglige rådgivningsorgan og består av tre medlemmer to som innstilles fra abm-u-nettverket og ett medlem fra universitets/høgskolesektoren. Fagutvalget forestår tildeling av økonomisk støtte til prosjekter innenfor de rammer som årsmøtet og styret har fastsatt. § 3 Organisasjon Orginal tekst: KFKs faste organer er styret, fagutvalget og sekretariatet. Museum Vest som leder av ABMUF skal være sekretariat og regnskapsfører for KFK. Styret inngår avtale med Museum Vest om sekretærfunksjonen. Forslag til endring: KFKs faste organ er styret, fagutvalget og sekretariatet. museum Vest som leder av ABM-u-nettverket for fiskerihistorie og kystkultur skal være sekretariat og regnskapsfører for KFK. Styret inngår avtale med Museum Vest om sekretærfunksjonen. Sekretæren har ansvaret for den daglige driften av KFK. Dette innebærer medlemskontakt, korrespondanse knyttet til sønknader, frister og svar. Sekretæren har videre ansvar for den praktiske organiseringen og referering fra styremøter og møter i fagutvalget. §4 Årsmøtet Orginal tekst: Årsmøtet er KFKs øverste organ. Det holdes annenhvert år om høsten. Årsmøtet konstituerer seg selv og velger møteleder, referent og to til å underskrive porotokollen. Alle medlemmer har en stemme. Årsmøtet innkalles med 6 ukers varsel. Forslag som ønskes behandlet på årsmøtet fremmes for styret innen 4 uker før årsmøtet. Sakliste og saksdokumenter for årsmøtet sendes 2 uker før møtet. Årsmøtet kan med 2/3 flertall vedta også å behandle saker som legges frem etter de fastsatte frister. Ordinære saker avgjøres med simpelt flertall. Ved stemmelikhet han KFKs møteleder dobbeltstemme. Ekstraordinært årsmøte kan innkalles når et flertall på 2/3 av styret vedtar det, eller når minst 1/3 medlemmene krever det. Ekstraordinært årsmøte kan bare behandle de saker som står i innkallingen. Årsmøtet begandler: 1. Styrets beretning og regnskap for foregående periode 2. Budsjett og arbeidsplan for kommende periode 3. Fastsettelse av kontigent for medlemmene 4. Saker fremmet i samsvar med vedtektene 5. Valg: styrets leder, 2-4 styremedlemmer, 2 medlemmer fra fagutvalget etter innstilling fra ABMUF, Revisor Forslag til endring, siste punkt: Årsmøtet behandler: 1. Styrets beretning og regnskap for foregående periode 2. Budsjett og arbeidsplan for kommende periode 3. Fastsettelse av kontigent for medlemmene 4. Saker fremmet i samsvar med vedtektene 5. Valg: Styrets leder, 2-4 styremedlemmer, 3 medlemmer til fagutvalget, revisor, valgkomite § 5 Valg Orginal tekst Valgene i henhold til § 5 gjelder for 2 år om gangen. Styrets leder og styrets medlemmer kan ha maksimalt sammenhengende funksjonstid på 6 år Valene avgjøres med simpelt flertall. Ved stemmelikhet avgjøres valgene ved loddtrekning. Valgene foretas skriftlig hvis et av de tilsredeværende medlemmene krever det. Styret fungerer som valgkomite Forslag til endring Valgkomiteen har ansvar for å innstille kandidater til vervene nevnt under § 4 punkt 10. Innstillingen til fagutvalget må være i tråd med § 7. Valgene i henhold til § 4 gjelder for 2 år om gangen.Styrets leder, styrets medlemmer og medlemmer av fagutvalget kan ha maksimalt sammenhengende funksjonstid på 6 år. Valgene avgjøres med simpelt flertall. Ved stemmelikhet avgjøres valgene ved loddtrekning. Valgene foretas skriftlig hvis et av de tilstedeværende medlemmene krever det. Fjernes: Styret fungerer som valgkomite |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Båtbilde er hentet fra: Eksportutvalget for fisk, fotograf: Kjell Ove Storvik
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||


