Hjem

Årsmøte-
papirer

Medlemmer

Kontaktperson: Årstein Svihus



UTVIKLINGSPROSESSEN

KFK vart formelt oppretta 30. januar 2008 ved at Fiskerimuseenes Nettverksråd vart omskipa til Kontaktrådet for fiskeri- og kystmuseer (KFK). Med opprettinga av KFK vart ein lengre og grundig prosess sluttført. Under årsmøtet i Florø 29. november 2006 vart det oppnemnd ei eiga gruppe som fekk i mandat å utarbeide forslag til omorganisering og endring av FN sine vedtekter slik at organisasjonen vart tilpassa ABM-u.nettverket for konsoliderte fiskeri- og kystmuseer. Innstillinga frå denne gruppa vart lagt til grunn under årsmøtet i Kristiansand 30. januar 2008.

Forslaget til nytt namn og nye vedtekter vart grundig gjennomgått og diskutert under årsmøtet i Kristiansand. Og på bakgrunn av namneendringa og endrinar av paragrafane 1-9 vart KFK oppretta. Deretter vart det halde val med utgangspunkt i dei nye vedtektene. I valprosessen vart det lagt vekt på å få til kontinuitet mellom FN og KFK.

Båtbilde er hentet fra: Eksportutvalget for fisk, fotograf: Kjell Ove Storvik